[go: up one dir, main page]

Arbeidarklassen er den eine av dei to hovudklassane i det moderne samfunnet, det vil seie industrisamfunnet og eventuelt det somme kallar det post-industrielle samfunnet. Den andre er borgarskapet (la bourgeosie, bursjoasiet).

Definisjon

endre

Definisjonen av dei to klassane er ifølgje Karl Marx si klassiske samfunnsanalyse at arbeidarklassen ikkje eig produksjonsmiddel og derfor er heilt avhengig av å selje arbeidskrafta si for å overleve. Borgarskapet er motsett den klassen som eig produksjonsmiddel i eit kapitalistisk samfunn, pluss nokre privelegerte tilsette dei bruker til å drive (leie) ting for seg. Ofte er direktørar i aksjeselskap både tilsette med privilegium i høve til vanlege tilsette, og deleigarar samtidig. Mellom arbeidarklassen og borgarskapet vil det vere ulike mellomlag, både eit tradisjonelt småborgarskap av bønder og småhandlarar, folk i såkalla «frie yrke» som til dømes advokatar og legar, og høgtlønte funksjonærar i leiande stillingar. Tidlegare blei alle med høgare utdanning (akademikarar) rekna til mellomlaga, men det verkar urimeleg i dag.

Historie

endre

Den moderne arbeidarklassen oppstod med den industrielle revolusjonen1800-talet. Med automatiseringa av industriell produksjon i utvikla land, og utflytting av arbeidsintensiv verksemd til andre delar av verda, har det blitt hevda at samfunn som det norske i dag er post-industrielle (etter-industrielle), og at arbeidarklassen ikkje finst lenger, iallfall ikkje som ein hovudklasse i samfunnet. Mot dette kan det for det første hevdast at industrien framleis er eit berande element for norsk velstand, og for det andre at arbeidarklassen i Marx sin forstand framleis er eit fleirtal i folket, faktisk større enn nokon gong. Dei aller fleste, også dei fleste akademikarar, lever i dag berre av å selje arbeidskrafta si, utan særlege privilegium i høve til andre arbeidstakarar. Derimot kan det hevdast at arbeidarklassen i dag er meir kulturelt samansett enn før.