[go: up one dir, main page]

Árran er det lulesamiske senteret på Drag i Hamarøy kommune. Det inneheld administrasjonen til Sametinget, språk- og kulturarbeidarar og ein lulesamisk barnehage. Árran arrangerer kurs i lulesamisk. Med utgangspunkt i Árran-miljøet har det vorte publisert lulesamisk læreverk, Sámasta, og snart også ei norsk-lulesamisk ordbok.

Árran, fasade og inngangsparti. Foto frå 2005

Árran har sidan 1999 gjeve ut eit populærvitskapleg tidsskrift, Bårjås. Nokre få av artiklane har vore publiserte på lulesamisk, og artiklar på norsk eller svensk har samandrag på lulesamisk.

Árran, oversiktsbilde
Foto: Helge Høifødt

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.