Brørne Pål og Erlend overtok som samjarlar då faren Torfinn jarl døydde i 1064. Både Erlend og Pål er skildra som høge og vakre menn, utstyrte med visdom og klokskap. Det vert sagt at dei likna mest på morsætta frå Giske. Dei delte ikkje landet mellom seg slik det vart gjort ved jarleskiftet femti år tidlegare, og Orkneyinga saga understrekar at samstyret fungerte fredeleg og godt i lang tid.
Pål og Erlend arbeidde for å halde farens store rike samla, frå Shetland til Irland, og med store landområde på det skotske fastlandet. Den maktkonsentrasjonen Torfinn jarl hadde bygd opp, og som representerer sjølve glansperioden for det orknøyske jarledømmet, forutsette også ein kløktig balansegang i forholdet til skotsk og norsk kongemakt. Erlend og Pål må ha innsett at det berre ville vere mogleg å handtere desse utfordringane ved å stå saman.
Ifølgje Orkneyinga saga vart jarledømmet delt ein gong i Olav Kyrres regjeringstid. Erlends del hadde sitt tyngdepunkt i det austlege Mainland og på øyane nordanfor. Jarleætta var dermed splitta i to greiner, noko som skapte store indre styringsproblem i meir enn hundre år framover. Splid og usemje vart det først då sønene deira voks opp, og soga legg største skulda for dette på sonen til Pål, Håkon Pålsson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.