Lov om plantevernmiddel m.v.

DatoLOV-1963-04-05-9
DepartementLandbruks- og matdepartementet
Sist endretLOV-2003-12-19-124 fra 01.01.2004
KorttittelPlantevernmiddellova.

Loven er opphevet av ny matlov 19 des 2003 nr. 124 (i kraft 1 jan 2004). Jfr. lov 23 juni 2000 nr. 53 (plantehelselova), lov 15 des 1967 nr. 9 (patentloven) § 62 b).



Kap. I. Området for lova.

§ 1.

Denne lova gjeld:

1.Plantevernmiddel.​1
2.Stoff og preparat til ymist anna bruk (jfr. kap. III).

I tvilstilfelle avgjer departementet​2 om eit stoff eller eit preparat etter punkt 1 eller 2 ovanfor kjem inn under denne lova.

1Jfr. § 2 og kap. III.
2Landbruksdepartementet.

Kap. II. Plantevernmiddel.

§ 2.

I denne lova tyder:

a.Plantevernmiddel, stoff eller preparat som blir utgjeve for å kunne verne mot eller døyve skadedyr, sopp, bakteriar, virus og anna som gjer skade på levande planter, medrekna plantedelar og såvarer, og likeins stoff eller preparat mot ugras.​1
b.Tilverkar, ein som under eige namn lagar, blandar eller pakkar om plantevernmiddel til sal.
c.Importør, ein som innfører plantevernmiddel som er – eller i hovudsaka er – ferdige til bruk.
d.Forhandlar, ein som sel, har til sals, falbyr eller fordeler plantevernmiddel. Samskipnad av forbrukarar som ikkje har eige lager, men som til bruk for medlemmene sine leverer plantevernmiddel innkjøpte frå ei verksemd som har løyve frå departementet,​2 blir i denne samanhengen ikkje rekna som forhandlar.
1Sjå § 17 . Jfr. § 1 andre leden.
2Landbruksdepartementet.

§ 3.

Plantevernmiddel​1 må ikkje​2 omsetjast eller brukast i næringsverksemd før det er godkjent​3 av den institusjon og etter dei føresegner som Kongen​4 fastset. Godkjenning blir gjeve på grunnlag av biologisk prøving, kjemisk kontroll, vurdering av stoffet eller preparatet etter art og samansetjing, giftgrad, kvalitet og kor varig verknaden er.

Namnet på midlet må også godkjennast.

Det som er føreskrive i denne paragrafen, gjeld ikkje omsetnad eller bruk til vitskapleg formål.

Departementet​5 kan elles i særhøve gjere unntak frå føresegnene.

1Sjå § 2 a.
2Jfr. § 18.
3Jfr. §§ 4 og 5.
4Landbruksdepartementet, etter res. 18 feb 1999 nr. 164.
5Landbruksdepartementet.

§ 4.

Godkjenning gjeld for eit tidsrom på fem år, om ikkje noko anna blir fastset når godkjenninga blir gjeve. Den institusjon som har gjeve godkjenninga, kan kalle henne tilbake før tida er ute, dersom:

1.nyare opplysningar om giftgrad, verknad o.l. gjer det naudsynt.
2.dei vilkår som er sette for godkjenninga ikkje blir haldne, eller verksemda er i strid med dei reglar som er gjevne i eller etter §§ 3, 9, 10 eller 13 i lova,
3.midlet ikkje blir ført i handelen innan 1 år.

§ 5.

Klage over at godkjenning er nekta etter § 3 vert avgjord av departementet.​1 Det same gjeld vedtak om å kalle tilbake godkjenning.

0Endra med lov 27 mai 1977 nr. 40.
1Landbruksdepartementet.

§ 6.

Kongen​1 kan av verneomsyn gje føresegner om forbod mot bruk av visse farlege plantevernmiddel.​2

1Landbruksdepartementet, etter res. 18 feb 1999 nr. 164.
2Sjå § 2 a.

§ 7.

Den som i sitt yrke vil tilverke, innføre eller handle med plantevernmiddel​1 eller såvarer beisa med plantevernmiddel, må​2 ha løyve​3 frå departementet.​4 Departementet kan setje nærmare vilkår for løyvet, såleis kan det setje krav om fagkunnig personale. Kongen​5 kan fastsetje at slikt løyve ikkje er naudsynt for ymse plantevernmiddel eller grupper av plantevernmiddel eller såvarer beisa med slike middel.

Verksemd med løyve etter første leden må leiast av ein som har ansvaret. Vedkomande må vere godkjend av departementet.​4 Den ansvarlege pliktar å syte for at verksemda blir driven på fagleg måte og at dei reglar som gjeld for plantevernmiddel,​1 blir haldne. Dersom den ansvarlege trass i åtvaring bryt føresegnene eller forsømer pliktene sine, eller må reknast for varig uskikka til å leie verksemda, kan departementet kalle godkjenninga tilbake.

Tilverkarar,​6 importørar​7 og forhandlarar​8 av plantevernmiddel må føre dei bøker, gje dei meldingar og opplysningar og krevje dei fråsegner o.l. som departementet finn naudsynte.​9

1Sjå § 2 a.
2Jfr. § 18.
3Jfr. §§ 8 og 15.
4Landbruksdepartementet.
5Landbruksdepartementet, etter res. 18 feb 1999 nr. 164.
6Sjå § 2 b.
7Sjå § 2 c.
8Sjå § 2 d.
9Sjå § 18.

§ 8.

Løyve etter § 7, første leden, kan kallast tilbake av departementet,​1 når:

1.verksemda ikkje blir sett i gang eller er slutta og ikkje blir starta på ny innan ein frist som departementet fastset,
2.den som har ansvaret er død, slutta eller har tapt godkjenninga,
3.andre vilkår for løyve ikke blir haldne eller verksemda ikkje blir driven i samsvar med gjeldande føresegner og på fagleg forsvarleg måte.
1Landbruksdepartementet.

§ 9.

Plantevernmiddel​1​2 lagrast forsvarleg og handsamast og brukast med varsemd og omtanke.

Kongen​3 gjev føresegner om dei reglar for varsemd som skal følgjast ved tilverking, innførsel, omsetnad, lagring, sending, utlevering og bruk av plantevernmiddel​1 og såvarer beisa med plantevernmiddel, såleis om godkjenning av storleiken på pakningar, emballasje, signatur, merking, bruksrettleiing o.l.

Plantevernmiddel​1 må berre omsetjast i godkjende pakningar og med godkjent utstyr.

1Sjå § 2 a.
2Jfr. kap. IV og § 4.
3Landbruksdepartementet, etter res. 19 mai 1995 nr. 479.

§ 10.

Den institusjon som departementet​1 gjev fullmakt, har tilsynet med at lova og føresegnene etter lova blir haldne.

Tilsynet har fritt tilgjenge​2 til alle stader der plantevernmiddel​3 og såvarer beisa med plantevernmiddel blir tilverka, omsette, lagra, sende eller brukte i næringsverksemd. Vidare kan tilsynet ta ut prøver utan vederlag. Tilverkarar,​4 importørar,​5 forhandlarar​6 og personar som bruker slike middel i yrket sitt, pliktar​7 å gje tilsynet dei opplysningar som er naudsynte.

Departementet​1 kan gje nærmare føresegner om tilsynet.

Departementet​1 kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

0Endra med lov 9 mai 1997 nr. 27 (i kraft 9 mai 1997).
1Landbruksdepartementet.
2Jfr. § 18 og strl. § 326. Sjå òg § 4.
3Sjå § 2 a.
4Sjå § 2 b.
5Sjå § 2 c.
6Sjå § 2 d.
7Jfr. § 18 og § 4.

§ 11.

Departementet​1 kan gje reglar om autorisasjon av personar som i yrket sitt bruker plantevernmiddel​2 og såvarer beisa med plantevernmiddel og kan i denne samanhengen gje nærmare reglar for lagring og bruk.

1Landbruksdepartementet.
2Sjå § 2 a.

§ 12.(Opphevet)

0Opphevd med lov 16 mai 1986 nr. 21.

§ 13.

Det er forbode​1 å gje misvisande opplysningar om plantevernmiddel​2 i samband med reklame. Kongen​3 kan gje nærmare føresegner om reklame for slike middel.

1Jfr. § 18.
2Sjå § 2 a.
3Landbruksdepartementet, etter res. 18 feb 1999 nr. 164.

§ 14.

Kongen​1 kan pålegge tilverkarar​2 og importørar​3 ei avgift på plantevernmiddel​4 til dekkjing av utgifter med godkjenning og kontroll av plantevernmiddel og såvarer beisa med slike middel. Kongen​5 kan òg påleggja tilverkarar​2 og importørar​3 ei miljøavgift på plantevernmiddel.​4 Likeins kan Kongen​1 gje nærmare føresegner om innkrevjing av avgiftene og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid. Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.​6

0Endra med lover 18 mars 1988 nr. 13, 26 juni 1992 nr. 86, 9 mai 1997 nr. 27 (i kraft 9 mai 1997).
1Landbruksdepartementet, etter res. 18 feb 1999 nr. 164.
2Sjå § 2 b.
3Sjå § 2 c.
4Sjå § 2 a.
5Landbruksdepartementet, etter res. 25 mai 1990 nr. 369.
6Jfr. tvangsl. § 7-2, e.

§ 15.

Den som får løyve eller autorisasjon etter denne lova, må finne seg i at dei rettar og plikter som han har eller får etter lova, blir endra ved ny lov eller ved nye føresegner som blir gjeve med heimel i lova.

Kap. III. Stoff og preparat til ymist anna bruk.

§ 16.

Føresegnene i denne lova gjeld også stoff og preparat som blir utgjeve for å kunne verke mot sopp og insektskadar på tømmer, til dreping av potetris, tvangsmogning og anna bladdreping, tyning av uønskt vegetasjon utanom kulturjord, til vekstregulering unnateke nærings- og gjødselstoff, og til å auke verknaden av stoff og preparat som går inn under lova.

§ 17.

Kongen​1 kan fastsetje at stoff og preparat som ikkje går inn under § 2, bokstav a i denne lova, skal høyre under lova når dei blir utgjevne for å kunne tyne skadelege organismar som t.d. insekt, mit og sopp. Føresegnene gjeld ikkje når stoffa eller preparata skal nyttast som lækjemiddel.

1Landbruksdepartementet, etter res. 18 feb 1999 nr. 164.

Kap. IV. Straffe- og inndragingsføresegner.

§ 18.

Den som med vilje eller av aktløyse bryt denne lova eller føresegner gjevne etter lova, blir straffa med bøter.​1 Medverknad til brot vert straffa på same måten.

1Jfr. strl. § 27 og kap. 3 a.

§ 19.

Departementet​1 kan gje anna tilsynsmakt fullmakt til å leggja beslag på varer som er tilverka, innførde, omsette, brukte, lagra, sende eller utleverte i strid med denne lova eller føresegner gjevne med heimel i denne lova. Det same gjeld for varer som inneheld plantevernmiddel.​2

Klage over avgjerd om beslag kan skje til departementet.​1 Klage har ikkje oppsetjande verknad.

0Endra med lover 26 jan 1973 nr. 2, 8 april 1983 nr. 16.
1Landbruksdepartementet.
2Sjå § 2 a.

§ 20.

Departementet​1 avgjer kva som skal gjerast med inndregne plantevernmiddel​2 og plantevernmiddel som er utan eigar. Vidare kan det gje føresegner og ta avgjerder om sikringslager av plantevernmiddel.​2

1Landbruksdepartementet.
2Sjå § 2 a.

Kap. V. Iverksetjing. Overgangsføresegner.

§ 21.

Kongen fastset kva tid denne lova skal ta til å gjelde.​1

Frå same tid blir det gjort desse endringar i andre lover: – – –

Føresegner som er gjevne etter dei her nemnde lovene skal framleis gjelde såframt dei ikkje er i strid med føresegnene i denne lova, til dei blir tekne bort eller avløyste av føresegner gjevne etter denne lova.

1Frå 1 jan 1964, etter res. 6 des 1963.

§ 22.

– – –

Løyve til tilverking etter lov av 3 juli 1914 om tilvirkning av gifter og apotekvarer og løyve til innførsel og sal etter lov av 8 mars 1935 om handelsnæring § 100, første leden, bokstav c, gjeld framleis etter lova her til dess departementet​1 måtte kalle løyvet tilbake fordi det finn at løyvet ikkje bør gjelde etter reglane i den ny lova.

1Landbruksdepartementet.