[go: up one dir, main page]

Trolltunga
Trolltunga
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Trolltunga
Turistar ventar i kø for å koma ut på Trolltunga.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Trolltunga er eit utspring i fjellet, rundt 1180 meter over havet, aust for Tyssedal i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Fjellutspringet ligg nordaust for Ringedalsvatnet (464–373 meter over havet), rundt 800 høgdemeter over den lågaste vasstanden i vatnet.

Trolltunga kan nåast frå stien mellom Skjeggedal og turisthytta Tyssevassbu. Frå Trolltunga er det panoramautsikt over fjella rundt Ringedalsvatnet og mot Hardangervidda, likeins mot Folgefonna på vestsida av Sørfjorden.

Det har dei siste åra vore stor trafikk til Trolltunga. I 2019 gjekk 81 000 personar turen fram til fjellutspringet, mot mindre enn 1000 årleg før 2010. Den vanlegaste tilkomsten er frå riksveg 13 i tettstaden Tyssedal opp Tyssedalen til Mågeli kraftverk ved Vetlavatnet i Skjeggedal, dit Mågelivegen fører i slyng opp til rundt 850 meter over havet. Frå enden av bilvegen er det ein 28 kilometer lang fottur tur/retur i fjellet på nordsida av Ringedalsvatnet fram til Trolltunga. Samla gangtid er rekna til 10–11 timar.

Kart

Trolltunga
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg